top of page

JEG ER FERDIG! Tenk at jeg er FERDIG!


Tok kontakt med jordmor Lisbeth i ni-tida om morgonen og fortalte korleis det låg an etter ei natt med uregelmessige rier men som no hadde vorte regelmessige, 2-3 rier per 10 minutt. Ikkje vonde, gjekk fint å puste gjennom dei og flyte med. Lisbeth skulle kome etterkvart, men ikkje noko hastverk. Ho kom hit rundt 10:30, då hadde det roa seg litt igjen. Undersøkelse i 12-tida og då var det 3-4cm opning. Eg var litt skuffa då, følte jo at eg hadde jobba meg gjennom heile natta - dette kom til å ta tid. Ein time seinare snakka vi litt om framgong og eg sa at eg trudde det kom til å ta så lang tid. Jordmora sa at ho ikkje var einig, det var ikkje nødvendigvis slik sjølv om opningsfasen hadde vore lang. Enten kom vatnet til å gå (stor vannblære foran hovudet), eller så måtte eg berre la riestormen kome. Kroppen ville ikkje sleppe babyen ut før eg var der. Jordmora drog så ut for å gjere nokre ærend i 13-tida og 13:40 kontakta eg ho igjen og sa at no måtte ho snart kome tilbake for no auka det på.

Herfrå mista eg kontroll over tida, det var berre å henge med. Riene var tøffe, stråling nedover beina og vondt i korsryggen. Klamra meg til ei pute, pusta og i hovudet mitt gjekk berre frasen "hald deg flytande - ria er under deg, den skal nedover - du skal flyte". Vandra litt rundt, hang over godstolen. Prøvde å jobbe mentalt med at dette er BRA, det er framgong sjølv om det er vondt! Kjente at eg måtte presse litt med på toppane av riene for å kome gjennom dei. Mannen og jordmora prata om daglegdagse ting medan eg vandra rundt, det var så deilig. Dei drakk kaffi og sludra om jobb og reiser og eg kjente at "dette er ein heilt normal ting - dei kan sitte og slappe av medan eg FØDER, kroppen min jobbar akkurat slik den skal og ingen treng stresse".

Litt før halv fire ville eg i badekaret (fekk vite tidspunktet etterpå), kjente at eg måtte gjere noko anna enn å henge over stolen for å prøve å kome gjennom riene. Satt på kne i badekaret og løfta meg opp etter armane på kvar ri medan eg jobba nedover. Vatnet gjekk, og først tenkte eg "yes, no blir det lettare ei stund" (med andremann forsvann pressetrangen litt når vannbobla sprakk), men det vart det ikkje. Det vart frykteleg slitsomt etter 10-15 minutt på kne og eg fekk hjelp til å snu meg til ei meir liggande stilling. Klarte ikkje stå i mot pressetrangen, og grynta meg gjennom riene. Vondt, vil ikkje meir. Mannen heiar som best han kan når eg ikkje vil meir.

Kant foran hovudet. Førebudd på det (har hatt det i dei to andre fødslane). Jordmor held i mot for å dytte kanten over. Står slik nokre rier, himla vondt, men så er kanten borte. Kroppen tek heilt over og berre pressar, det sprenger enormt. Hovudet kjem, eg kjenner det. Må berre presse litt til, litt til, puste, puste - for eg orkar ikkje den smerta. Og der, hovudet ute. Men det er framleis vondt, det sprenger. Baby har armen over hovudet og eg må berre vente på neste ri.

Då kjem skuldra og jordmora stoppar meg, navlestreng som må løsnast på. Så får eg endeleg presse, tredje ri og baby er ute. Eg er ferdig! Mirakelet er her på berre nokre få press! Rett opp på brystet og eg ropar ut "Eg er ferdig! Tenk at eg er FERDIG!" Klokka er 15:48.

Mannen og jordmora ler og bytter plass så mannen får sjå betre. "Det er ei jente, eg visste det!" seier han. Eg må lette på baby for å sjekke. Er det ikkje Samuel som har kome likevel? Han er stolt, tenk at han fekk sjå kven som hadde budd i magen min aller først!

Ho ligg lenge på brystet mitt og eg er heilt rusa på adrenalin og lukke. Villaste kjensla i verda og eg må berre smile og le og gråte samstundes. Eg har født! Den nydelege jenta vår blir rosa, får pupp, og eg klipper navlestrengen. Ligg berre i badekaret og slappar av og ventar på morkaka. Vi har god tid, no kan vi berre nyte.

Jordmor har ordna til på madrassen på stova. Mannen får veslesøster på brystet medan eg dusjer og får på meg litt tøy. Ligg i timesvis på madrassen og berre nyt vidunderet vårt. Ho er stor, 4090g, 50cm og 36cm rundt hovudet. Likevel har eg ikkje så mykje som eit skrubbsår innvendig. Foreldra mine og ungane kjem kort tid etter at jordmora har dratt for å gje oss tid saman berre oss tre. Nydeleg å få møte barnebarnet/veslesøster som nesten framleis er våt i håret! Ungane og mamma har baka kake med bær frå hagen.

Feiring!

Siste innlegg
Arkiv
Tags
No tags yet.
Follow Us
  • Facebook Basic Square
bottom of page